Etter ein kald og langvarig vinter og vår gav onsdag 8. mai sunnmøringane ein glimt av sommar.

Vêrstasjonen på Hareid rådhus målte på det meste + 19,5 grader, men rundt omkring var det nok fleire lune plassar som sprengde 20-talet.

Nokre private målestasjonar målte temperaturar godt over + 20. Av dei vi har funne fram til kom Blindheim øvst med + 22,7 grader. Deretter hadde Gåseidet + 22,4, Ørsta + 22,2 og Larsnes + 22,0.

Hareid hadde som nemnt + 19,5, medan Sandsøya målte + 19,2 og Langevåg + 17,8.

Det kan sjå ut til at dei høgaste dagstemperaturane vart målte cirka klokka 16.30.

Utover kvelden har det vorte litt kjøligare, men yr.no spår at også Kristi Himmelsfartsdag blir relativt varm med + 15 grader på Hareidlandet midt på dag. Det skal vere relativt vindstille, men regne litt no og då.

Det skal regne natt til fredag, men klarne opp og vere nedbørsfritt heile fredagen.