Ulstein brannvesen rykkte ut etter at brannalarmen i ei av dei nye bustadblokkene på Reitengrenda gjekk om lag klokka 15.15 onsdag.

Då brannmannskapet kom til, fann dei fort ut at alarmen ikkje var løyst ut av opne flammar, men av eit mindre tilfelle av røykos som følgjer av matlaging.

Dei busette på Reitengrenda såg ut til å ta det heile med ro.

Etter ei rask synfaring forlot brannvesenet Reitengrenda klokka 15.45.

Etter ei rask synfaring forlot Ulstein brannvesen Reitengrenda. Foto: Joar Ødegård