Æra Lounge AS i Sjøgata har søkt Ulstein kommune om skjenkeløyve for både øl, vin og brenneving. Det rår rådmannen til at dei får. Styrar blir Stine Sundnes, avløysar er Kari Janne Andersen.

Æra Lounge har som forretningside å vere ein kaffibar med høg kvalitet. Alle tilsett har erfaring frå drift av KaffiKari. Ære Lounge skal tilby kaffi, te, sjokolade og kaker, i tillegg til alkoholhaldige drikkevarer.

Folk Spiseri, som skal starte opp i Convex-bygget i juni, ønskjer også skjenkeløyve for øl, vin og brennevin. Styrar blir Ingrid Margrethe Ulstein, avløysar Thor Erik Andersen. Rådmannen rår til at også dei får løyvet innvilga. Dei vil vere eit engelsk/fransk spiseri som serverer lønsj og middag. Dei vil satse på lokale råvarer så langt det er mogleg.

Båe sakene skal opp i Levekårsutvalet førstkomande måndag (11. april). Tildeling av desse løyva vil ikkje føre til at det er fleire skjenkeløyve i 2016 enn i 2015, då to skjenkestader i Ulstein har lagt ned drifta.