Det skriv kommunen på nettsida si.

Alle dei 62 stadfesta med såkalla PCR-testar. Dei som er smitta har berre milde symptom.

I tillegg kjem dei som har teke hurtigtest og registrert positivt svar. Dei har kommunen førebels ikkje oversikt over.

"Tilfella er spreidde i heile kommunen på fleire enkelthusstandar og i skulane. Mange av tilfella registrert tidleg i perioden, var knytt til utbrotet på Spenncon. Det er no stilna vekk", skriv kommunen.

Hareid kommune oppmodar alle om å teste seg viss dei har symptom på luftvegssjukdom eller er nærkontaktar til smitta.