Sidan skulestart har det vore ein del smitte av covid-19 på Ulsten ungdomsskule. Alle smitten har tidlegare vore lokalisert til åttandeklasse og tiandeklasse, men no er det også nokre smittetilfelle på niandetrinnet.
- Det er utfordrande, men vi held fram som før
Ulstein kommune melder om 47 nye positive smittetilfelle (desse er stadfesta med pcr) sidan onsdag. Åtte av desse tilfella er knytt til Ulstein ungdomsskule, og fire av dei igjen er niandeklassingar.
I staden for bursdagsfeiring blei det koronaisolasjon for Rakel (14)
Før helga skreiv Vikebladet Vestposten at det også var kome noko smitte i sjuandeklasse på Ulsteinvik barneskule. No er det 7 nye positive tilfelle på trinnet. Det er også ein del enkelttilfelle spreidde på andre trinn på barneskulen. Dei fleste av dei er søsken til andre kjende positive.
Smitte på folkehøgskulen
I løpet av helga har det også kome informasjon om at det er nokre positive tilfelle på Sunnmøre folkehøgskule.
Det er difor starta testing der.
Ikkje alvorleg sjuke
Ulstein kommune varslar at det så langt ikkje har kome informasjon om at dei som er smitta av korona har blitt alvorleg sjuke.