Gjest i Psykologtimen denne onsdagen er Vegar Brandal. Onsdag 1. februar er årets første utgåve av Psykologtimen.

Det blir ein interessant samtale mellom kommunepsykolog Tomas Brandal Myklebust og eldsjela frå Ulsteinvik.

Mange kjenner nok Vegar Brandal frå hans solide engasjement i Hødd turn, der han med tydeleg kommunikasjon og disiplin rettleiar born og unge til imponerande prestasjonar på matta.

Men Vegar har meir å fortelje om. Han har mellom anna kryssa Grønland heile fire gonger som turguide og motivatør for ulike grupper.

Vegar Brandal vil dele nokre tips om korleis ein kan motivere seg sjølv. Foto: Privat

I Psykologtimen vil han fortelje om korleis han må jobbe med seg sjølv for å klare å inspirere andre til å prestere, uansett situasjon.

For å få med deg Psykologtimen kan du anten møte fysisk på Ulstein Bibliotek onsdagskvelden, eller du kan følgje strøyminga på www.vikebladet.no.

Psykologtimen vil denne veka gje deg gode råd om korleis du kan jobbe med deg sjølv for å oppnå det du ønskjer, uansett kvar du er i livet.