Meteorologisk Institutt har sendt ut gult farevarsel om at det er venta kraftige vindkast laurdag kveld. Varselet gjeld frå Rogaland og nordover til Møre og Romsdal.

Laurdag kveld og farm til søndag formiddag er det venta nordvestleg full storm 25 m/s. Det er også venta lokalt kraftige vindkast 30-37 m/s og kanskje også svært kraftige vindkast 38-43 m/s.

Vinden er først venta å auke i Rogaland, og utover laurdagskvelden også i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre, varslar Met.no