Dagleg leiar Jarl Andersen seier til Vikebladet Vestposten at det ikkje er med lett hjarte han flyttar forretninga frå Kjøpmannsgata i Hareid til Ulsteinvik. Men han meiner løysinga som no er valt er den mest fornuftige. Butikken på Hareid blir driven i leigde lokale, medan det er Jarl Andersen som eig bygget Møbelmagasinet skal nytte i Saunesmarka. Andersen har prøvd å leige ut bygget, utan å lykkast. – Eg følte eg hadde ei løysing då Fagmøbler sa ja til å drive butikk i lokalet. Men dei trekte seg 11 dagar før opninga, og vi har ikkje klart å finne andre leigetakarar. Dermed hadde vi ikkje lenger noko val, forklarer han. Møbelmagasinet har også vurdert å drive butikk både i Hareid og Ulstein, men konklusjonen vart at det i desse tider er tryggast å satse alt på ein stad. Det er 3,5 år sidan Møbelmagasinet opna butikk på Hareid.