– Det er heilt fantastisk. Vi har ikkje landa enno, fortel deltakar og lærar i blomedekoratørfaget ved Ørsta vidaregåande, Birgitte Lovise Urke frå Ulsteinvik. Sist helg var ho i Oslo og konkurrerte saman med ein Ulsteining og ein Herøyværing.
Kunne blitt noregsmeister
Viktoria Sandvik frå Ulsteinvik og Åslaug Nevstad Hildre frå Herøy kjempa side om side med Birgitte.
Alle tre kom seg heilt til finalen i Oslo på sundag. Viktoria kjempa i B-klassen, som er gruppa for lærlingar utan fagbrev eller mindre enn fire års erfaring, medan Birgitte og Åslaug kjempa i A-klassen, som er gruppa for dei med fagbrev eller meir enn fire års erfaring.
Viktoria kjempa hardt i B-klassen, og sikra seg ein kjempeflott femteplass. I A-klassen tok Birgitte fjerdeplassen med beste finalearbeid med 12 poeng bak tredjeplassen, medan Åslaug klatra heilt opp på ein solid andreplass med totalt 715 poeng.
– Åslaug gjorde ein fantastisk jobb. Ho kunne lett blitt noregsmeister. Åslaug utfordra gjeldande teknikkar på buketten sin og tok ein råsjanse som gav henne 60 poeng trekk. Om ikkje hadde ho vore regjerande noregsmeister. Ho var klar over det sjølv. Eg tykkjer det var råtøft gjort, fortel Birgitte til Vikebladet Vestposten.
Førsteplassen i A-klassa gjekk til Cecilia Bast Sætre med 720 poeng. Men ho vart ikkje noregsmeister sidan Elin Susan Havreberg i B-klassen scora 9 poeng meir enn Sætre med 729 poeng. Uavhengig av klassene, er den personen med flest poeng noregsmeister.
– Det er svært sjeldan at ein deltakar i B-klassen slår ein i A-klassen, understrekar Birgitte.
Andreplassen i B-klassen gjekk til Mona Hammerø frå Molde med 620 poeng.
Men sjølv dei lokale jentene ikkje nådde heilt til topps, fortel Birgitte at alle var nøgde med plasseringane sine og arbeidet sitt under meisterskapen.
Skulle ikkje til NM
Viktoria Sandvik fortel til lokalavisa at ho er godt nøgd med plasseringa si.
– Eg skulle eigentleg ikkje vere med. Då det vart arrangert distriktsmeisterskap på Devoldfabrikken i Langevåg tidlegare i år, trakk ein av deltakarane seg. Difor fekk eg sjansen til å delta i noregsmeisterskapen. Eg hadde litt kort tid på å førebu meg, men eg greidde å kome meg gjennom delfinalen på laurdag, og til finalen på sundag. Det rann nokre tårer, vedgår Viktoria.
Ho fortel at helgas hending er ei oppleving og erfaring ho vil ta med seg når ho går opp til fagbrev i blomedekorering juni neste år. Viktoria jobbar som lærling ved Bellis Blomster sine butikkar i Ulsteinvik og Hareid.
Avslutningsvis fortel Viktoria at ho ikkje har tenkt å gje seg med dette.
– Eg har bestemt meg for å konkurrere neste år også, lovar Viktoria.
Det er ikkje kjend for lokalavisa kor distriktsmeisterskapen i Møre og Romsdal skal arrangerast neste år, men noregsmeisterskapen skal arrangerast om bord i hurtigruta under ein segltur frå Bergen til Trondheim.
Stiller ut ved PF Waage
Avslutningsvis fortel Birgitte at verket hennar vert stilt ut ved PF Waage i helga.
– Under finalen nytta eg ein vase frå Georg Jensen som eg fekk låne av butikken PF Waage i Ulsteinvik. Så i helga vert dekorasjonen min synleg for alle som vil sjå den der, strålar Birgitte.