200 refleksvestar hadde dei med seg, økonomileiar i Ulstein Betongindustri, Harald Sætre, konsernsjef Vidar Moldskred, personalsjef Eli Døving Oksavik og Andreas Fjørtoft i Constructer AS.

I mørketida er det ekstra vanskeleg for bilistar å sjå dei mjuke trafikantane, men også for dei mange som no jobbar for fullt for å ordne til tomta der eit nytt bustadbygg skal setjast opp på seinvåren.

– Vi har sett no, etter at vi byrja å arbeide i Gjerdegata, at der er mykje trafikk. Både mange bilar og mange skuleborn ferdast her. Gjerdegata er også litt innsnevra no som vi jobbar her, så spesielt i denne gata kan det til tider vere vanskeleg å sjå dei mjuke trafikantane. Og utan refleks blir det nær sagt umogleg, seier Harald Sætre og Andreas Fjørtoft og legg til:

– Dette ønskjer vi å gjere noko med. Difor har vi gått til innkjøp av refleksvestar, som vi kjem til å dele ut ved fleire høve no fram mot jul.

Det var langt ifrå alle av dei gåande som hadde på seg refleks då Vikebladet Vestposten var med på utdelinga torsdag morgon, og dei som fekk seg ein refleksvest takka for gåva.

Over fartsgrensa

Refleksutdelarane blei også litt forskrekka over farta til bilane som susa forbi, både gjennom Gjerdegata og Bakkegata.

– Her er ei fartsgrense på 40 kilometer i timen, og den var det yttarst få som heldt. Når vi no har sett trafikken her med eigne auge, er det nok absolutt på sin plass at skuleborna som ikkje har refleks får det av oss, seier dei fire til lokalavisa.

God framdrift

Planen er som sagt at det nye bustadbygget i Gjerdegata, der 12 av 24 leilegheiter så langt er selde, blir sett opp på seinvåren.

– Arbeidet no går på å lage til eit godt og solid fundament. Det skal byggast parkeringskjellar, og etter kvart kan vi byrje å setje opp seksjonane, seier Andreas Fjørtoft.