I fjor haust vedtok levekårsutvalet i Ulstein kommune at Den gamle nabo skulle få inndrage skjenkeløyvet i ni veker. Bakgrunnen for vedtaket var rapportar frå to skjenkekontrollar som hadde blitt halde på utestaden/restauranten. Kommunen slo saman sanksjonane og ende på inndraging av løyvet i ni veker.
Den gamle nabo klaga på vedtaket, men kommunen valde å stå på sitt, så saka vart sendt til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.
Vedtak og varsel i same brev
Fylkesmannen kritiserer Ulstein kommune for å ha sendt ut varsel og vedtak i same brev. Eit varsel skal gje nokon moglegheit til å uttale seg i saka før ho vert avgjort. Dersom vedtaket alt er gjort, vil det ikkje vere snakk om varsling, men vedtak med klagefrist.
Det burde kome klarare fram i vedtaket at det dreier seg om to ulike saker. Eine kontrollen var i august, den andre i oktober.
Ikkje samd i utmålinga
Fylkesmannen går gjennom hendingane frå kontrollrapportane og vurderer dei opp i mot regelverket. Han er ikkje samd i utmålinga. Fylkesmannen meiner brota utgjer 6+4 prikkar. Talet på prikkar kan ikkje leggjast saman, men får utmåling kvar for seg. For å få inndraga skjenkeløyvet må ein opp i minst fem prikkar, såleis er det berre første rapporten som fører til inndraging av skjenkeløyvet, og det blir ei veke.
Vedtaket til Fylkesmannen er endeleg og kan ikkje påklagast.
Ingen kommentar
Dagleg leiar Øzgur Mazlum vil ikkje kommentere omgjeringa av vedtaket til Fylkesmannen, men ber lokalavisa ringje advokaten hans.
Advokat Arve Hæreide kommenterer at han er lite imponert over saksgangen til kommunen, og meiner det har kome ein rettferdig vedtak frå Fylkesmannen.
Over pinse
Rådmann Einar Vik Arset kommenterer at kommunen registrerer at fylkesmannen tolkar skjenkekontrollrapportane annleis, og særleg gjeld dette åtte prikkar om sal / skjenking av boksøl.
– Me tek vedtaket til vitande og vil informere drivarane ved Den Gamle Nabo om inndragingsveke etter pinse, seier Arset.