– Me ønskjer å styrke rettane til kollektivreisande i Noreg. Derfor etablerer me ei nasjonal klageordning for passasjerar på rutegåande fartøy, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.
Samferdselsdepartementet fastsette i går, 20. desember, endringar i transportklagenemndforskrifta for å gjennomføre EUs forordning om rettane til båtpassasjerar.
Alle transportørar pliktar å ha eit system for å handsame klagar frå passasjerane.
– Me opnar Transportklagenemnda for klage frå passasjerar på rutegåande fartøy. Det vil seie at passasjerar som ikkje får medhald i klaga si til transportøren, kan bringe saka vidare til ei nøytral nasjonal klagenemnd, seier Solvik-Olsen vidare.
Transportklagenemndas vedtak er berre rådgjevande, og ikkje juridisk bindande. Dersom ein transportør ikkje rettar seg etter nemndas vedtak må dei grunngje dette.
Forskriftsendringane trer i kraft 1. januar 2017.