Klasse 6B frå Ulsteinvik barneskule kom ifølgje med læraren sin Rigmor Ulstein Johansen. Elevane vart teke godt i mot av redaktør Asle Geir Widnes Johansen.
Spørjerunde
Rundt redaksjonen sitt møtebord samla elevane seg med kvar sine ark med spørsmål som Johansen fekk svare på.
Han fekk mellom anna spørsmål om korleis det er å vere journalist, kor mykje arbeid som ligg i å lage ei avis, og kor lenge dei tilsette er på jobb. Og Johansen hadde gode svar til alle.
Etter enda spørsmålsrunde vart skuleklassen delt opp i grupper som fekk veksle mellom journalist og deskarbeidararne Anne Gry Eilertsen, Ingvild Aursøy Måseide, Leiv Arne Grimstad og Jorulf Myrene.
Her fekk elevane spørje ut kvar og ein av dei om det dei lurte på om journalist- og avisyrket.
“Regneling”
På rundtur i redaksjonen fekk mellom anna deskarbeidar Jorulf Myrene synte fram korleis han gjer klar avisa til trykkjeriet i Ålesund, medan Leiv Arne Grimstad var meir oppteken av å spørje ut elevane om kva ordet “regneling” betyr. Det var det ingen av borna som visste.
Inne på Anne Gry Eilertsen sitt kontor fekk gruppa eit spørsmål frå Anne Gry om kva som er det viktigaste verktøyet når ein er journalist.
Fram kom forslag som fotokamera og datamaskin, noko Anne Gry var samd i. Men Anne Gry understrekar at det aller viktigaste er øyra og notatblokka, sidan det viktig at det som vert sagt til journalistane vert rett når det skal skrivast i avisa.
Kjekk oppleving
Det verkar som at elevane hadde det kjekt på besøk i avisredaksjonen. Kjekt var det også for Vikebladet Vestposten som gjerne vil vere med å dele kunnskapen med skuleelevane.