– Eg syntest eg høyrde ei barnerøyst i sjøen, og gjekk ut på dekk for å sjå. Der låg ein liten gut i tung termodress og kava i sjøen. Hovudet var til tider under vatn, fortel Svenn Riise Tranvåg.
6. november
Episoden skjedde i småbåthamna i Hareid sentrum 6. november i år. Tranvåg trur at dersom ikkje han, eller ein kva annan, hadde oppdaga kva som var i ferd med å skje, kunne utfallet nokre minutt seinare ha vore fatalt.
Svenn Riise Tranvåg har båt liggjande i småbåthamna like ved bunkerskaia til Statoil i Hareid sentrum. Klokka var om lag 11.00 denne litt mørke, regn- og vindfulle føremiddagen i Hareid hamn, då han gjennom duren frå motoren syntest han høyrde ei barnerøyst som ropte om hjelp.
– Eg sprang ut på dekk, og fekk auge på to små gutar. Den eine stod på flytebrygga, den andre kava i sjøen. Hovudet hans var meir under enn over sjøkanten, fortel Riise Tranvåg.
1.-klassingar på rømmen
Han visste det ikkje då. Men dei to gutane var førsteklassingar frå Hareid skule, og hadde nokre minutt tidlegare stukke av. Fleire ved skulen var ute og leita etter dei.
Riise Tranvåg har båtplass nærast bunkerskaia, og sprang over flytebrygga for å kome nærast mogleg staden der guten låg og kava i sjøen. Han la seg ned på flytebrygga, og fekk strekt handa så langt ut at han fekk tak i kragen på termodressen til guten, og hala han på land.
– Guten hadde ikkje hatt ein sjanse til å kome seg opp på flytebrygga ved eiga hjelp, meiner Riise Tranvåg.
Det enda godt. Tranvåg fekk levert ein tørr og ein drypande våt elev tilbake til Hareid skule. Men han er ikkje i tvil om at det var snakk om minutt før utfallet kunne blitt mykje verre.