Komande søndag 9. desember inviterer Eiksundbygda til Julemarknad “med godt samvit”.
I år kan du få kjøpt dei heilt spesielle julegåvene i Eiksund. Kulturen myldrar i den nedlagde skulen - og det blir både produkt, kurs og opplevingar å få.
Det vert også juleverkstad for både store og små, - og kafé med godsaker. Ein stor del av inntektene frå julemarknaden går direkte til å skape nye aktivitetar i skulen.
Mange aktørar som har tilknyting til skulen i Eiksund vil vere i sving for å by fram eit breitt spekter av “godbitar”. Kva med å gje vekk eit målekurs i julegåve? Eller pianotimar? Konsertbillettar? Rykande ferske CD- plater rett frå fabrikken? Eller ei god vinylplate frå Juleloppemarknaden?
Det vert også kunstutstilling av arbeid til både etablerte og unge kunstnarar. Og kunsten er til sals til prisar som passar lommebøker i alle tjukkleikar.
I sjølve juleverkstaden kan store og små lage sine eigne juleting, blant anna eigne juledrops. For dei meir avanserte er det i år høve til å lage eller kjøpe kunstferdige julekort i “scrapping”-verkstaden. Det vert høgtlesing for borna på leseromet.
I julefoto-studio kan ein take biletet til årets julekort eller portrett til å gje vekk.
Her er noko av det Eiksund kan tilby komande søndag:
- Konsertbillettar og CD/LP – signering av ferske plater med m. a. Bror Magnus Tødenes, Stig Ulv og Ståle Dimmen,
- julelopper (vinylplater og bøker) - Arild Torvund Olsen rettleiar til dei unike godbitane,
- malekurs i både abstrakt og portrett – Monica Vermeer pirrar kreativiteten med m. a. mannemalekurs,
- “scrapping”, sal av kort og kurs med Unni Rinde og Bodil Dale,
- kunstutstilling av Monica Vermeer, Bente M. Blindheim, Ingebjørg Ulstein, Alv Rise, Synnøve Overvåg, Karin Marie Skeide m.fl.,
- salsutstilling av teikneklubben “Viskålær”,
- julefotostudio – Silje Birkhol syter for flott fotografering av store og små,
- sal av strikkeprodukter og handarbeid av Anne-Grete T. Tødenes,
- sal av handlaga treleiker av Monica Vermeer,
- studioinnspeling for solistar av Peter Demirov,
- juleverkstad for barn og vaksne av Eileen Schakenda og Torill Botnen,
- boksal av lokale forfattarar, ma. Leiv Havåg,
- musikkopplæring for nybyrjarar og etablerte med m. a. Peter Demirov,
- høgtlesing for borna av Åshild Havåg,
- julefilmar på video,
- kafé med sal av kaffi med noko godt attåt.
- Det er gratis inngang, men betaling for deltaking på juleverkstad. NB! Markanden tek berre kontant betaling eller etter avtale – ikkje kortterminal.