Fantastiske Osberget i Ulsteinvik har dei siste vekene jobba på spreng for å få ferdig gull-DVD-en Hødd – Liten men stor. Torsdag kom den direkte frå Oslo, og Fantastiske Osberget lanserte DVD-en saman med Hødd på Høddvollhuset klokka 09.00 torsdag morgon.

Hollywood-manus

Regissør Ragnar Hatlø i Fantastiske Osberget fortel til Vikebladet Vestposten at det har vore ein hektisk, men også røyrande månad.

– Eg har grått gjennom heile produksjonen. Innhaldet i filmen får fram den fantastiske fotballhistoria, som har mange sterke scener i seg. Vi har blant anna fått film- og mobilopptak frå supporterar og folk som vi har lagt til som bonusmateriale. Det har blitt til eit fantastisk produkt som er kvalifisert til eit Hollywood-manus, flirer Hatlø.

Og noko av presset skuldar han på Fantastiske Osberget si flotte vilje til å skape noko meir enn berre ein fotballfilm.

– Vi har henta inn fleire sentrale personar som kjenner og er involvert i Hødd, og som har stilt opp til intervju. Dei fortel sine historier som skapar ein fantastisk kvalitet for filmen, understrekar Hatlø.

Dokumenterer askeladden

Også produsent og dagleg leiar Åge Grimstad i Fantastiske Osberget er svært nøgd med det ferdige produktet.

Det er heilt fantastisk kva vi i samarbeid med partnarane har klart å få til på så kort tid. Ikkje minst er eg utruleg imponert over Ragnar som har stått på dag og natt for å kome i mål med prosjektet. Også karane bak Hødd-TV har levert eit utruleg godt stoff. Det er heilt fantastisk, skryt Grimstad.

Han legg til at profesjonaliteten i filmen dokumenterer askeladden Hødd si reise mot Kongepokalen.

– Dei som fortel sine historier på filmen har eit Høddhjarte som går langt utanfor skjorta. Vi får sjå heilt frå Hødd sine kampar mot Haugesund og Brann, og heilt til Ullevaal og Johannes Sundgot sitt to minutt lange sigershyl. Og det hylet fortel eigentleg alt, seier Grimstad.

Avslutningsvis takkar han alle som har bidrege på intervju, og alle som har sendt inn filmar og anna type material. No håpar han at dei greier å sel meir enn AAFK gjorde, med 4700 eksemplar.

Filmen er å finne på Høddvollhuset, Fantastiske Osberget og ved ulike bokhandlarar.