Fleire lokale utøvarar hevda seg godt i Nibbeløpet og Nibberittet i Geiranger i helga.

I Nibbeløpet tok Arlen Rønning Eid frå Hødd 1.-plassen i klasse 40-44 år med tida 2.34.01. Ho hadde 13. beste kvinnetid totalt.

Haddølingen Joar Moldskred (representerer Hakallestranda) vart nr. 5 i klasse 23-39 år med 1.56.06.

I klasse 50-54 år tok Hallstein Saunes, Hødd, 2.-plassen med 2.09.18, medan Kjell Fagerlund frå Hasundgot tok 3.-plassen i klasse 65-59 år med 2.58.23.

I Nibberittet merkar vi oss særleg gode prestasjonar av unggutane Iver Vattøy og Peter Hagelund Horn frå Ulstein og omegn sykkelklubb. Dei kom på 4.- og 5.-plass i klasse 17-19 år med tidene 1.18.24 og 1.18.31.

Frå dette rittet nemner vi spesielt at hareidssyskena Bodil og Sverre Bjåstad vart klassevinnarar i kvar si veteranklasse. Bodil representerer Stiftstaden sykkelklubb (Trondheim) og vann klasse 60-69 år på 1.57.01. Sverre, som representerer Ulstein SK, vann klasse 70+ med 2.25.12.

Vi tek også med at Ingvild Kirkebø Elde frå Ulsteinvik vart nr. 4 i klasse 30-39 år på tida 1.53.03.