Teknisk utval valde samrøystes å gje Ulstein Betongindustri AS mellombels dispensasjon så der kan liggje tre offshorefartøy i opplag i perioden 1. august 2016 til 1. august 2018. Delar av arealet er regulert til hamneområde i sjø, dvs. at ein viss skipsaktivitet må kunne påreknast, meiner kommunen.

Utvalet ser at der kan vere visuelle ulemper for naboane i Haddal å ha skip liggjande i dette området, men meiner fordelane ved å ha skip liggjande i dette området er større enn ulempene.

Det blir sett vilkår som at bruk av lys på skipa må vere på eit absolutt minimum og at fartøya skal vere kopla til landstraum, og motorar skal i hovudsak vere slått av.

Dei har inngått ein intensjonsavtale med Island Offshore Management om leige av kaiplass for minst 12 månader.