Hareid brannvesen skriv fredag på si Facebook-side at dei har fått inn melding om personar som reiser rundt i området og freistar å selje stigar og brannvernsutstyr.

- Desse har ingenting med brannvesenet eller Hareid kommune å gjere. Vi driv med tilsyn og feiing, ikkje sal, skriv Hareid brannvesen på si Facebook-side.

Dei oppmodar publikum om å tipse politiet dersom dei opplever seljarar som driv påtrengande eller ulovleg oppførsel.

- Ikkje slepp inn folk som ikkje er uniformerte eller viser legitimasjon, er oppmodinga frå brannvesenet.

Hareid brannvesen har fått melding om at personane skal ha utgitt seg for å representere brannvesenet. Dei skal også ha operert i Herøy.