I ei pressemelding frå LOs sommarpatrulje går det fram at heile 28 prosent av dei besøkte bedriftene i Møre og Romsdal bryt lova.

- Sjølv om mange har alt på stell og utmerkar seg heilt eksemplarisk, så er dette ikkje godt nok, skriv sommarpatruljen i pressemeldinga.

LOs sommarpatrulje trekk fram Ulsteinvik og nærliggande område som versting når det gjeld bedrifter som år etter år bryt dei same lovene, utan at det er teikn til betring.

Totalt har sommarpatruljen besøkt om lag 600 bedrifter i Møre og Romsdal, og dei har intervjua 552 ungdomar.

I torsdagsavisa kan du lese meir om LOs sommarpatrulje sitt besøk i Ulsteinvik.