Det møtte opp godt med folk på Sjøborg då Ulstien kommune arrangerte folkemøte om kommunereforma månsdagskvelden.

Der var rundt 220 i salen. Etter ein time med orientering frå fylkesplansjef Ole Helge Haugen og ulsteinordførar Knut Erik Engh fekk folk i salen sleppe til med spørsmål og innlegg. Ordførarane frå alle dei fem kommunane som eventuelt slår seg saman til ein ny kommune, Runde kommune, var der for å svare for seg.

Og folk i salen var engasjerte. Mange tok ordet, og mange tema var oppe. Det var særleg eitt tema som gjekk igjen: kvifor er det ikkje eit alternativ at Ulstein og Hareid slår seg saman? Det var det mange i salen som meinte hadde vore det beste.

– Hareid og Ulstein blir for smått. Det løyser ikkje hovudutfordringane frå regjeringa, forklarte ulsteinordførar Knut Erik Engh.

Hareidsordførar Anders Riise viste til bestillinga frå Stortinget.

– Dei bestilte noko heilt anna enn Hareid + Ulstein, dei ville ha noko mykje større. Hareid og Ulstein har vore greidd ut fleire gonger utan at det var noko av, sa han.

Men det ville ikkje forsamlinga høyre på. Jan Arve Ringstad sa at dei i Oslo har anbefalt at dei nye kommunane skal ha mellom 15 000 og 20 000 innbyggjarar. Hareid og Ulstein har 13 500 innbyggjarar til saman, om nokre år har nok folketalet stige til 15 000. Han såg ikkje problemet.

Hareidsordføraren svara at prosessen på Ytre Søre gjekk veldig tregt, difor valde Hareid å sjå til Ålesund. Avtalen dei har der er god på lokaldemokrati.

– Det er flotte folk i Ulstein. Eg ser det som naturleg å vere med dei, men også med fleire. Det er ikkje bærekraftig å berre vere med Ulstein, meinte Riise.

Engh har stor forståing for at ein del i Ulstein ønskjer å slå seg saman med Hareid, difor har han også etter påtrykk strekt ut handa til Hareid. Men han var samd med Riise at det ikkje er stort nok. No skal ein byggje robuste kommunar for dei neste femti åra.

Vanylvenordførar Lena Landsverk Sande støtte dei ved å seie at om Ulstein og Hareid slår seg saman til ei kommune får dei ei reformstøtte på fem millionar. Om alle dei fem kommunane (Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven) slår seg i hop får dei ei støtte på 75 millionar.

Leif Ringstad tok ordet frå salen og meinte at Ulstein klarer seg godt aleine. Kommunen er mellom dei 30 % største kommunane i Noreg. Han viste til at små kommunar leverer gode tenester og nøgde innbyggjarar. Om kommunane slår seg saman og får 75 millionar er det nok til ein ny skule i Hjørungavåg, så er pengane brukt opp.

Til det sa Anders Riise at poenget med kommunereforma er at kommunane skal levere like tenester, det skal vere jamnare kvalitet. Dei 75 millionane vil gå med til implementering om kommunane slår seg saman.

Meir om folkemøtet kan du lese i papiravisa torsdag 21. april