Norsk brannvernforening oppfordrar folk til å tenkje over rømningsvegar når dei er ute på tur.

Mange nordmenn på ferie tenkjer ikkje over rømningsvegar når dei vitjar sportsarenaer, konsertlokaler, fornøyelsesparkar eller andre stadar mennesker samlast. Ein av tre seier dei er meir merksame enn tidlegare, blant anna som fylgje av terrorhendingar det siste året, skriv Norsk brannvernforening i ei pressemelding.

- Ha alltid ein plan B. Oppstår det brann eller andre hendingar som gjer det naudsynt  å kome seg raskt ut, kan vegen du kom inn vere blokkert eller for langt unna. Bruk litt tid på å orientere deg når du er på ein ny stad for fyrste gong. Fylg med på skilta som markerar rømningsvegar, oppfordrar assisterende informasjonsdirektør Emma Elisabeth Vennesland i Europeiske Reiseforsikring.

I Europa og delar av Asia er det ofte dei velkjente grøne skilta med symbolet av ein løpande person som markerar naudutgang. I USA og ei rekkje andre land er det ofte raude eller grøne skilt med teksta «Exit» som viser rømningsvegane.

Betre på hotell

Nordmenn er flikast til å sjå etter rømningsvegar på hotell. Mange les sikkerheitsoppslaget på hotellromdøra og ein del ser etter rømningsskilt i korridoren. Berre 4% prøvar ein eller fleire av rømningsvegane.

- Det kan lønne seg å ta ein nærmare titt på ulike vegar du har ut frå hotellromet ditt. Ta for eksempel trappa i staden for heisen, så blir du betre kjent med bygget. Varsle alltid resepsjonen om du oppdager blokkerte rømningsvegar, sier kommunikasjonssjef Håvard Kleppe i Norsk brannvernforening.

Husk reiserøykvarsler

Meir enn kvar  fjerde har inntrykk av at hotell i utlandet er dårligare brannsikra enn norske hotell, men svært få tek konsekvensen av det. Kun 1 av 100 tar alltid med eigen reiserøykvarsler på ferie, ifølge Reiseundersøkelsen.

- Ein reiserøykvarslar er ei rimeleg tilleggssikring som du enkelt får plass til i bagasjen. Sjølv om det er vanlig at overnattingsstaden har brannalarmanlegg, kan du ikkje vere trygg på at alt fungerer som det skal overalt, påpeker Kleppe.

Gode råd når du sjekker inn på hotell

- Les rømningsplanen og branninstruksen.

- Oppsøk og gjer deg kjent med rømningsvegane.

- Gjer deg kjent med kvar ein finn slokkeutstyr.

- Reiser de med barn, gjer ein avtale om kva de skal gjere ved brann.

- Varsle resepsjonen om du finn blokkerte rømningsvegar.

- Plasser reiserøykvarsleren høgt i rommet, til dømes på ei hylle.

I tilfelle brann

- Fylj hotellet sin branninstruks og personalets anvisningar.

- Bruk ikkje heis.

- Er rømningsvegane blokkert av røyk eller brann, vurder om det er tryggast å bli på hotellrommet til redningspersonell er på plass. Gi deg til kjenne via vindu eller balkong.

Gode råd om forsamlingslokaler og publikumssteder (sportsarenaer, konsertlokaler, fornøyelsesparker, museer, nattklubber, kjøpesentre, flyplasser, tog- og t-banestasjoner etc.)

- Sjekk at lokalet har gode rømningsmoglegheiter i tilfelle ein nødssituasjon.

- Hold deg alltid orientert om nærmaste utgang.

- Vurder å forlate lokalet om du opplever at folketrengselen blir så stor at det er vanskeleg å ta seg fram.