- Skipa som snart vil ta form i dokka hos Kleven vil vekke oppsikt. Dei vil bidra til auka interesse for både norsk verftsindustri og Hurtigruten som leiande innan ekspedisjonsturisme. Denne kontrakten er eit bevis på den samla innovasjonskrafta til Norges maritime industri og reiselivsnæring. Saman er vi med på å sikre den styringsfarta som kyst-Norge treng, seier Daniel Skjeldam, konsernsjef i Hurtigruten i ei pressemelding.

Direktør i Rolls-Royce, Helge Gjerde, er naturleg nok nøgd med at Rolls-Royce har sikra seg ei kontrakt med ein verdi på om lag 25 millionar britiske pund.

– Hurtigruten og Kleven har blitt einige om å bygge skip som vil sette ein ny standard i marknaden, og no er det vårt oppdrag og bidra med innovativ teknologi, design og utstyr. Eg er trygg på at desse fartøya vil bringe Hurtigruten sine stolte tradisjoner inn i ei like stolt ny framtid, seier Helge Gjerde, direktør i Rolls-Royce.

Ifølgje ei pressemelding frå Rolls-Royce vil selskapet i tillegg til å levere skipsdesign, også levere ei integrert systemløysing som omfattar avansert teknologi og skipsutstyr, noko som mellom anna inneheld "Unified Bridge".