Til helga er det Helgemessesøndag, og lokallaget av Hjertefred byr inn til samling på Vikholmen søndag ettermiddag.

Mari Ann Vattøy og Margit Lovise Holte var blant initiativtakarane til det første Hjertefred-arrangementet i Ulsteinvik i fjor. Då kom det om lag 350 personar. Dei to håper på godt frammøte også i år, og understrekar at det er ope for alle, uansett livssyn.

Ulike former for sorg

- Det finst ulike former for sorg. Det kan vere tap av eit menneske, samlivsbrot eller ei livskrise, og mange føler dei er einsame i sorga si. Då kan det vere fint å kome saman, tenne lys og heidre den dei har mist, seier Mari Ann Vattøy.

Uansett ver vil det laurdag ettermiddag bli vakkert på Vikholmen. Utover berget og langs med vegen vil det stå store mengder med levande lys.

Roy-Arne Folkestad som har skrive boka «Han er ein luring, denne Jesus», skal dele tankar om korleis det er å vere sørgande. Unni Takseth skal deklamere dikt ho har skrive sjølv og det vil bli songinnslag ved Stig Ulv, Eileen Hareide Brandal, Thomas Håndlykken, Ingrid Nerhoel og Mari Ann Vattøy.

- Sorg er noko som vi må leve med, leve oss gjennom. Då kan det vere godt å tenne lys og dele det vakre med andre, seier Margit Lovise Holte.

Kjenne hjartevarmen

Ho understrekar at det går god an å ta med barn til Hjartefred-stunda.

Målet er at dei som kjem skal føle hjartevarme og få kjensla av at dei er i eit vakkert rom.

Arrangementet blir på litt over ein time.

Dersom veret blir svært dårleg vil det bli høve til å trekkje inn.

Starta i 2007

Det var kunstnaren Bjørg Thorhallsdottir som starta Hjertefred i Sandvika i 2007. Ho vart enke 32 år gammal. Margit Lovise Holte var med i Hjertefredforeininga i Sandvika før familien flytta til Ulsteinvik. Dei opplevde tiltaket som så flott at dei gjerne ville føre tradisjonen vidare i Ulstein.