Under rettssaka i Sunnmøre tingrett tidleg i mars i år, kom det fram at Milhem var påført minst 35 knivstikk, og at minst seks av dei var dødlege.

NTB skriv at dommen er klar, og at han blir presentert i morgon, mandag 13. april.

Det store spørsmålet blir om Sunnmøre tingrett meiner drapet var planlagt, eller om dommen blir på forsetteleg drap.

Aktor Jan Hoel sa under rettssaka i mars at drapet var ei rein henretting, og la ned påstand om 20 års fengsel.

- Det einaste som er formildande er at den sikta har tilstått handlinga han har gjort, sa Hoel.

I følgje forklaringa til den sikta, og fleire av vitna, låg Sami Milhem og sov då knivstikkinga starta. Den drepne vart seinare partert, og gjerningsmannen har forklart at han gjorde dette fordi han ville gøyme liket etter drapet.

Men gjerningsmannen heldt i retten fast på at det i utgangspunktet ikkje var planen hans å drepe Milhem. Han ville berre banke han opp.

Forsvararen hans, Johnny Veum, meinte i prosedyren sin at det ikkje ville vere rett at tiltalen enda på overlagt drap.

- Basert på praksis frå andre saker, er 16-17 års fangsel for forsetteleg drap ein passande dom, uttalte forsvararen.