Tidleg onsdag morgon vart ein hjort påkøyrd i Eiksund. På loggen til Sunnmøre politidistrikt står det at skadene vart ubetydelege både på dyr og bil, medan ein hjortpåkøyrsel i Tenfjord om lag til same tid førde til store skader både på hjort og bil.

11 hjortepåkøyrslar

Sidan 1. april er det meldt om 11 viltpåkøyrslar på Sunnmøre, og politiet oppmodar folk om å vere aktsame, spesielt der det er merka med fareskilt for hjort.