Lørdag 14. september vil Røyset Sko og Nordvest Naprapatklinikk samarbeide om å arrangere ein fagdag i Røyset Sko sine lokaler på Blåhuset i Ulsteinvik.

– Her vil folk få kunne stille spørsmål om sko og såler, samt få ei fagleg vurdering på om ein treng såler, og eventuelt kva såler som vil passe best til kvar enkelt, fortel Ole Theodor Hovden i Nordvest Naprapatklinikk.

Nordvest Naprapatklinikk tilbyr gratis ganganalyse-test, ein undersøkelse som er eit av arbeidsverktøya ein nyttar for å finne ut om eller kva sålar ein treng.

– Vi i Nordvest Naprapatklinikk møter fram i butikken med eit godt utvalg av såler, slik at folk kan få prøve og eventuelt få tilpassa såler i butikken, seier Hovden.

Såler er eit godt verktøy om ein har problem med føttene. Såler kan rette opp fleire ulike typar feilstillingar i foten og førebygge problem med mellom anna kne og hofter seinare i livet.

Tema for dagen vert fotsåler, til førebygging og behandling.