I ettermiddag (måndag 16. juni)  blir Selvågtunnelen i Ulstein kommune stengt for køyretøy med totalvekt over 7,5 tonn.

Grunnen Statens vegvesen oppgjev er øving.

For "vanlege" bilar blir tunnelen open, men med manuell dirigering. Det kan difor vere lurt å rekne litt god tid om du ferdast gjennom Selvågtunnelen mellom klokka 17.00 og 19.15.