Ei dame ramla på sjøen ved Hareid ferjekai like over midnatt, melder politiet.

Ho kom seg opp av vatnet ved eiga hjelp – for så å bli køyrd heim til bupelen sin.

I følgje politiet var det rus med i bildet.

*

Elles har politiet i løpet av natta motteke ein god del meldingar om russebråk i Ålesund og dei ulike bygdebyane natt til laurdag. Bl. a. i Ulsteinvik er det meldt inn slikt bråk.