Ungdomspanelet i Møre og Romsdal deler ut 125 000 kroner to gonger i året. Pengane går til ulike tiltak for ungdomar som har søkt om støtte.
Norunn Brøste Kjersem, leiar i Ungdomspanelet seier i ei pressemelding at dei har fått inn mange gode søknader i haust. Det kom inn 28 søknader, 13 får støtte. Det vart søkt om til saman nesten 900 000 kroner, men så mange kroner hadde dei ikkje å dele ut, så då måtte ungdomane diskutere seg fram til kven dei ville prioritere.
– Det er svært positivt å sjå så mange gode prosjekt. Dette er eit bevis på at ungdom i fylket er engasjert og vil bidra til å styrke ungdomsaktivitetane i sine lokalmiljø, seier Brøste Kjersem i same pressemelding om minner om at det er ny søknadsfrist til våren.
Slik vart pengane fordelte:
Utstyr til ungdomsklubben i Eide kommune 6300 kr
Norsk Fosterhjemsforening Møre og Romsdal 13 000 kr
Ballbinge til Lerstad skole 19 000 kr
Sommarshow på Larsnes 10 000 kr
NJFF Møre og Romdal 7500 kr
Utstyr til Smøla Ungdomsråd 25 000 kr
Utstyr til Ytre Gurskøen ten-sing 11 200 kr
Lan, Sunnmøre Data og Kultur 6000 kr
Grimstadhøgda 4H 8000 kr
Molde Danseklubb 9000 kr
Åtgaum Kunstlaug 10 000 kr
Pengane går til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement, og skal gå til ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen.