Hareide tek over styrevervet etter Trygve Holm frå Langevåg.

Valet skjedde under årsmøtet i juni, og i tillegg til Eldar Hareide ser det nye styret slik ut:

Wenche Jøsok, kommunal representant og nestleiar

Jakob Devold, Ålesund (ny) Bjørn Bjørkavåg (attval)

Annika Brandal (ny)

Anders Lillebø (ny)

Vegard Brandal (ikkje på val).

– Ei viktig sak for det nye styret blir å skaffe midlar frå det offentlege. Ishavsmuseet Aarvak kan ikkje drivast berre med midlar som vi sjølve klarer å skaffe oss frå arrangement og sal, kommenterer Eldar Hareide.

For styret blir det også viktig å stake ut ein kurs for korleis samarbeidet med nyrestaurerte Polarstar skal bli.

– Ishavsmuseet er nok ein av aktørane som er interesserte i å bruke skuta i ein del samanhengar. Vi må tenke ut korleis dette samarbeidet skal bli, forklarer han.

Hareide opplyser vidare at Aarvak, som står inne i vernebygg ved museet, no treng ein del reparasjonar. Folk frå Riksantikvaren skal koplast inn på dette arbeidet.