(NPK-NTB): Sparebanken Vest skal innan utgangen av året kutte rundt 100 årsverk og kvitte seg med ni filialar.

Årsaka til nedbemanninga er redusert behov for bankfilialar, mens bruken av mobilbank og andre digitale tenester er i vekst, skriv Sparebanken Vest i ei pressemelding.

Den nest eldste banken i Noreg vil redusere talet på bankkontor frå 44 til 35.

Også i Selje

Det er filialane i Dale, Fitjar, Hinna, Manger, Mastrevik, Samnanger, Selje, Sund og Ågotnes som skal leggjast ned.

Med desse kutta har halvparten av filialane til banken vorte borte dei siste fem åra.

I same tidsrommet har talet på innloggingar i mobilbanken auka frå null til over 14 millionar i 2015. (©NPK)