Det er fredag og snart helg, men ein del skuleelevar kan alt byrje å gle seg til måndag, for då er det MOt til å glede-dagen.

Kvart år blir MOT til å glede-dagen arrangert over heile landet. I MOTs 155 Lokalsamfunn med MOT markerast dagen med ein enkel bodskap: Sprei glede!

Ulstein er eit Lokalsamfunn med MOT, og markerer MOT til å glede-dagen, 23.november.

– Dagen handlar om å glede andre med enkle midlar. Kanskje kan du ta med noko godt til dei på jobben, besøke besteforeldra dine, eller sende ei melding til nokon du ikkje har hatt kontakt med på lenge, føreslår MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein kommune.

MOT på ungdomsskulen

Det lokale MOT-laget i Ulstein startar dagen med å ta i mot elevar og lærarar ved MOT-skulen Ulstein ungdomsskule.

– Vi vil skape ei god stemning og dele ut litt godt å bite i og nokre lappar med oppmodingar om å vere med å spreie glede gjennom dagen, fortel Marie.

Deretter blir det ei samling for alle i aulaen der mellom anna MOT-leiar og rådmann Einar Vik Arset vil halde ein kort appell, og søskenparet Sofie og Simon Gjerde Tonev frå nabokommunen Hareid vil bidra musikalsk.

MOT på barneskulen

MOT-koordinatoren vil også besøke alle 7.klassane i Ulstein.

– Dei vil med dette få sin første smakebit av MOT. Etter jul vil dei få besøk av 9. klassingar som gjennom programmet «Ungdom med MOT» har som mål å gjere overgangen frå barne- til ungdomsskulen enklare og tryggare, forklarar Marie.

Den som er ute i sentrum av Ulsteinvik måndag ettermiddag og kveld vil kanskje også vere så heldige å treffe kjekke MOT-ungdommar som er omkring for å spreie glede.

MOT på fritidsarenaen

I Ulstein held MOT til å glede-dagen fram også tysdag, då lokalsamfunnet får eit nytt handballag med i programmet «MOT i fritid».

– Vi gler oss over at Hødd Handball sitt styre har vedteke å vere ein aktiv medspelar med mot. Til no er det tre av handballklubben sine trenarar som er skulerte i MOT. Eit av laga er ferske i haust, og vil få besøk på treninga si tysdag, fortel Marie.

Tysdagskvelden  blir dagen også markert på MOT-klubben Bell Ungdomsklubb.

– Vi har alle eit ansvar for å skape eit trygt samfunn. Om alle i vårt lokalsamfunn er med å spreie litt glede, så trur eg vi klarer å skape eit varmare lokalsamfunn for alle, avsluttar Marie, som i tillegg til å vere MOT-koordinator er ungdomsarbeidar i Ulstein.

Kort informasjon om MOT og MOT til å glede-dagen:

Har blitt arrangert sidan 2004.

67 300 elevar har MOT på skulen.

Tal frå elevundersøkinga viser at ved MOT-skular vert del av elevar som både trivs dårleg og opplever mobbing halvert.