Bakgrunnen er at foreldre til elevane i vinter søkte Ulstein kommune om fri skuleskyss, då dei meinte elevane hadde ein farleg skuleveg. Ein del av skulevegen er mørk, smal og utan gatelys. Kommuneadministrasjonen reknar ikkje strekket for å vere særleg farleg skuleveg, som vegen må vere for å innfri kravet til fri skuleskyss når avstanden er mindre enn to kilometer for førsteklassingane - og fire kilometer for andre elevar. Både levekårsutvalet og formannskapet sa seg samde i tilrådinga frå rådmannen. Men då saka kom opp i kommunestyret, var det fleire av ulsteinpolitikarane som hadde tenkt seg om og kome på nye tankar. Knut Erik Engh (Frp) lanserte eit framlegg frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Uavhengig. For å imøtekome søkjarane ville han at kommunen skulle setje opp gatelys frå Ertesvåg til Kjerringneset. Han hadde høyrt med Tussa og funne ut at det ville koste 350 000 kroner for det kilometerlange strekket. For å finansiere lysa ville han bruke av tiltaksmidla frå regjeringa. Hanne Notøy (Ap) meinte at det var ei betre løysing at teknisk utval vurderte om strekket trong lys. Det er mange gode tiltak i kommunen som treng pengar, ho meinte det var feil å lausrive eit slikt strekk utan å sjå det i samanheng med andre strekk som òg treng lys. Ann Heidi Dimmen (SP) meinte skuleelevane skulle få fri skuleskyss i vinterhalvåret, inntil gatelysa kom på plass. Lidbjørn Vattøy (KrF) uttalte at det kunne vere ein ide til seinare å lage i rås gjennom skogen der elevane kunne gå, men var med på framlegget om å setje opp lys. Jan Berset (H) meinte det var feil av kommunen å bruke pengar til lys på ein fylkesveg, sjølv om kommunen snart skal ta over vegen. Håkon Waage (H) kjende seg ikkje att i at partiet hans var med på framlegget frå Framstegspartiet. Waage hadde vore på gruppemøte i Høgre, men der vart ikkje det alternativet diskutert. Han syntest framlegget frå Arbeidarpartiet var langt betre, då det kan vere større behov andre stader. Tor Meinseth (H) hadde køyrd seg ein tur og sett på strekket med eigne auge. – Det var ei geiterås, uttalte han og støtte framlegget frå Engh. Framlegget frå Senterpartiet om å gje elevane fri skuleskyss fekk tre røyster, og vart såleis ikkje vedteke. Under røystinga synte det seg at framlegget frå Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Uavhengig ikkje var eit sa samla framlegg. Men det fekk likevel fleirtal i kommunestyret og vart vedteke mot elleve røyster. Såleis blir det gatelys til elevane og andre gåande på strekninga frå Ertesvåg til Kjerringneset.