Ulstein kommune blei som kjent dømt igjen, og fekk berre delvis medhald i anken sin.

- Å herre jemini, no blei eg glad! var første reaksjonen til Liland.

Ho meiner dommen i Frostating lagmannsrett betyr svært mykje for Glen Børge Løset Flø, men kanskje enno meir for alle dei andre mobbeoffera kring om i landet.

- Dette betyr mykje for heile mobbe-Norge. Det er verkeleg ein gledas dag. Eg veit kor mykje dette har kosta Glen Børge, men også kor mykje dette no betyr for han og hans familie, i tillegg til alle andre nær han som har stått på i denne vanskelege tida, seier Ann-Kristin Liland.

- Fleire vil prøve si sak

Liland er også mor til Robert Liland, som vann saka si om mobbing i oppveksten, mot Søgne kommune i 2013. Då Vikebladet Vestposten i fjor gjorde ho merksam på at Ulstein kommune valde å anke dommen dei fekk i saka der Glen Børge Løset Flø gjekk til sak mot dei, reagerte ho kraftig.

- Kommunen er ein maskin, dei tenkjer ikkje på menneske, men på pengar. Då sonen min Robert vann fram mot Søgne, og då Line Sommer Hoel (Malvik-saka) vann si sak, var det mennesket som vann mot maskinen, og det burde skje oftare. Dette rammar ikkje berre barnet, men alle rundt barnet. Familien og vener av mobbeofferet kjenner også på dette. Vi i Foreldrenettverk mot mobbing meiner at kommunen no må ta ansvar for det retten meiner dei har gjort feil, seier Liland.

Når det no viser seg at kommunen nok ein gong har blitt dømt, er det noko Liland som sagt jublar over.

- Eg tenkjer at jo fleire sigrar ein får, desto betre er det. Dette dannar presedens for alle slike saker. Det vil gjere det lettare og lettare å få gjennomslag. Det vil også bli fleire som tør å prøve si sak for retten, seier Ann-Kristin Liland.

- Plaster på såret

Glen Børge Løset Flø er i den siste dommen tilkjent ei erstatning frå Ulstein kommune på nesten 2 millionar kroner. Men pengane betyr ikkje mest, meiner Liland.

- Pengane er berre eit plaster på såret. Det å blir høyrt, trudd og sett kan ikkje målast i pengar. Eg veit dette veldig godt, fordi eg har sjølv vore involvert i ei slik sak. No er det mest av alt godt for Glen Børge at han er ute av dette helvetet, og eg vil gjerne få gratulere han og familien hans så mykje.

Ho meiner samstundes at kommunen ikkje har noko med å anke dommen.

- Det vil vere heilt idiotisk, for å seie det mildt. No må han få fred.