Sævik er formann i Søre Sunnmøre FpU, og det var på sommarleiren til ungdomspartiet til Framstegspartiet han fekk møte statsråden.

- Dette var stas, seier Sævik, som er glad for at Olsen tok opp veg- og fjordkryssingar i talen til ungdomspolitikarane.

- Samferdsel er viktig for utviklinga av Sunnmøre og resten av Vestlandet, seier Sævik.

Hafast-prosjektet handlar om å bygge fastlandssamband frå Hareid til Sula.

Karl Oskar Sævik fortel at talen frå statsråden engasjerte deltakarane på leiren utanfor Kristiansand, og spesielt dei frå Søre Sunnmøre.

- Også vi unge gler oss til byggestart på Hareid, fordi sambandet vil gje ein betre reisekvardag for folk flest, seier Sævik.