I høve prisutdelinga har mållaget sendt denen pressemeldinga: "Tussa Kraft er det leiande kraftselskapet for dei sju kommunane på Søre Sunnmøre: Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta med til saman meir enn 45 000 innbyggjarar. I tillegg står selskapet føre kraftforsyninga i Hornindal kommune i Nordfjord. Det er dei same kommunane som eig selskapet. Tussa Kraft vart skipa i 1949. Konsernet har i dag om lag 250 tilsette og har ein omsetnad på om lag 500 millionar kroner. Hovudadministrasjonen held til i Hovdebygda i Ørsta. Konserndirektør er Elling Dybdal. Selskapet har i alle år sidan skipinga nytta nynorsk som administrasjonsmål og forretningsspråk, i demokratisk respekt for innbyggjarane og dei om lag 26 000 kundane på og utanom Sunnmøre. ? Kommunikasjon med kundar, leverandørar, eigarar, politiske miljø og andre interessentar er på nynorsk. Det same gjeld brev og andre dokument (tilbod, konsesjonssøknader o.a.) som går ut ? Meldingsbladet Tussalinjer vert redigert på nynorsk, og Internett-sidene (www.tussa.no) har nynorsk tekst ? Alt reklamemateriell er på nynorsk (annonsar, reklamefilmar o.l.) ? Alle fakturaer er på nynorsk ? Kvart år utarbeider selskapet ein eigen årsrapport på nynorsk Tussa Kraft nøyer seg ikkje berre med å bruke nynorsken aktivt og konsekvent sjølv. Selskapet oppmodar jamt leverandørar og kundar om å nytte denne målforma. Dei kvir seg elles ikkje for å stille krav, og har fått gjennomført ? nynorsk omsetjing av meldingar frå BBS (Bankenes betalingssentral) om e-faktura til kundane ? nynorsk omsetjing av webportalen til IT-finans Tussa Kraft har i mange år vore ein viktig økonomisk støttespelar for lokale lag og organisasjonar og reine nynorsktiltak. Her bør særleg nemnast sponsoravtalane med Dei Nynorske Festspela, Nynorsk kultursentrum (Ivar Aasen-tunet) og ”Grammatikk og kjærleik”, eit musikkspel om livet og arbeidet til Ivar Aasen. Språkbruken i det skriftlege tilfanget er jamt god, og selskapet held kvart år språkkurs for medarbeidarane sine. Ein slik vilje til å ta språket på alvor er uvanleg i eit forretningstiltak, jamvel på Sunnmøre. Tussa Kraft har i mange år vore eit språkleg føredøme for andre verksemder og næringslivsaktørar i regionen. Selskapet er difor ein verdig vinnar av målprisen. Målprisen vert utdelt på årsmøtet i Sunnmøre Mållag på Sunde Fjord Hotell ved Solavågen ferjekai laurdag 3. mars kl. 13.00" Prisen er eit litografi av kunstnaren Ørnulf Opdahl og eit diplom. I nemnda for målprisen sit: Ola Gram, Ørskog Marit Kvammen, Hareid Terje Aarset, Ørsta (leiar)