Laurdag var det fleire som nytta sjansen til å kome seg ut i løypa. Sola skein frå skyfri himmel, men temperaturen var framleis låg. Det var rundt 12 minusgrader i 12-tida laurdag. Børge Remøy hadde med seg sonen Magnus (1,5) i pulk. – Det er viktig å ha på seg nok kle, og i tillegg har han kuldekrem i ansiktet, fortel Børge.

Trakkemaskina er i drift

Det er fleire som har etterlyst trakking av løyper på Eidet. – Vi skulle eigentleg køyre opp løyper i romjula, men vi fekk problem med trakkemaskina. Vi måtte ha tak i nokre nye delar, fortel Arnt Ole Grimstad som er rektor ved Sunnmøre Folkehøgskule. Fredag kveld fekk dei maskina i gang igjen. – No er det nytrakka løyper og flotte forhold, seier han.

Om løypa

Løypa er rundt 2,5 kilometer lang. Fleire køyrer til parkeringsplassen på Eidet og går derifrå. Andre går opp frå Varleitet, Anholen eller Onglasætra. – Det er ei fin løype med slake hellingar. No er det faste og fine løyper, seier Grimstad. Dei har fått til ein avtale med Ulstein-gruppa som skal vere med å sponse dei med driftsmidlar. – Det kostar litt å drive trakkemaskina både når det gjeld diesel og vedlikehald. Køyringa vert gjort på dugnadsinnsats, fortel Grimstad. No håper dei på mange fine skidagar i tida framover.

Rektor ved SUFH, Arnt Ole Grimstad, er glad for at trakkemaskina no fungerer som den skal.
Magnus Kaldhol Remøy<B> (</B>1,5) har det varmt og godt i pulken.
Joakim Rafteseth Vike (1,5) er klar for tur og kanskje ein liten middagslur?