Arne Ove Rødstøl og Gunnar Hide. Foto: pressefoto

Konsollane kan bli transporterte gjennom døropningane på eit fartøy i alle stadier av byggeprosessen.

Det nye modulære konsollsystemet betrar produksjons- og installasjonsprosessane og bidreg til å unngå skadar på sensitivt konsollutstyr ved installasjon. Fordi konsollane kan bli installerte i alle stadie av eit skipsbyggingsprosjekt, har kunden fleksibilitet til å oppgradere eller endre utstyr i konsollane på eit seint tidspunkt, slik at oppstartsfasen blir kortare.

Administrerande direktør ved UPC, Gunnar H. Hide, fortel at prototypane på dei modulære konsollane er i ferd med å bli installerte om bord på bygg 288 og 289, to plattformforsyningsfartøy av typen PX105 som for tida er under bygging ved Ulstein Verft for Remøy Shipping.

– Dei modulære konsollane gir nye moglegheiter. Som følgje av ny funksjonalitet vert det enklare installasjon, betre arbeidsforhold og redusert slitasje i skipsbyggingsperioden, seier han.

Produktsjef for bru i UPC, Arne Ove Rødstøl fortel at bru- og maskinromskonsollar tradisjonelt har vorte produserte og monterte om bord i større einingar.

– På grunn av storleiken må store einingar då bli installerte tidleg i byggefasen, før det er gjort endeleg val av utstyr, noko som kan føre til ombyggingar på eit seinare stadium, forklarer Rødstøl.

For å unngå desse ulempene, har UPC arbeidd tett med leverandørar for å utvikle konsollar som er små nok til å gå gjennom døropningane på skipet.

– Vi kontakta ulike leverandørar og fortalde dei kva maksimumsstorleiken på konsollane skulle vere, og at utstyret deira måtte passe inn i desse måla.

Fleire av produsentane arbeidde saman med oss for å nå desse krava, og resultata er svært positive, fortel han.

- Medan konsollane og utstyret vert førebudde hjå UPC, vert soklane til konsollane plasserte om bord i fartøyet, og det elektriske arbeidet der kan starte. Når konsollane er ferdige frå UPC, blir dei løfta om bord og kan pluggast direkte. Testing er allereie gjort, og innkøyringsfasa er mykje kortare, kommenterer Rødstøl.

Rødstøl legg til at dei nye konsollane også har andre fordelar.

– Topp-plata kan skruast av, og er slik enkel å oppgradere. Også sideplatene kan demonterast, slik at innmaten lett kan skiftast ut.

For Hide representerer prosjektet ei av Ulstein sine innovasjonssatsingar.

– Ved å tenke annleis og arbeide saman med leverandørane våre, har vi fått eit resultat som forbetrar utstyrsleveransane og som vi er svært nøgde med.

Det er eit relativt enkelt konsept, som gir stor verdi, understrekar han.