Skatterekneskapsstatistikken for januar-april viser at trass i at Ulstein framleis opererer i stor stil som skatteinnkrevjar (ikkje minst også for arbeidstakarar som pendlar inn til kommunen), og kravde inn 30,2 prosent meir i skatt enn i tilsvarande periode i 2009, så har innkrevjinga i dei andre kommunane stagnert så pass at skattemidlar til eige bruk har ein generell svikt.

Hareid kjem prosentvis best ut med ein auke i eigne skattemidlar på 5,2 prosent. Deretter har Sande ein auke på 3,1 prosent og Volda ein auke på 1,5 prosent.

Dei andre kommunane har minusvekst til eige bruk: Ulstein (- 0,4 %), Ørsta (-2,2 %), Vanylven (- 6,5 %) og Herøy (- 9,4 %).