18 ved Vigra og 16 ved Hovden flyplass vil bli tatt ut i streik, dersom Avinor-meklinga, som foregår frå 7. juni til midnatt 8. juni, ikkje gir resultat.

Dette vil truleg føre til at flyplassane må stenge. Det kan med andre ord bli vanskeleg å kome seg til å frå Ålesund, Ørsta og Volda med fly dersom streiken bryt ut.

- Arbeidsgjevar har ikkje gitt oss eit økonomisk tilbod som gjer at vi meiner at vi er på linje med andre grupper i Avinor eller eksternt, seier Eivind Gran, nestleiar i LO Stat til NRK.no.

Totalt vil 176 bli tekne ut i streiken, som også omfattar Gardermoen (Oslo) og Værnes (Trondheim).