Det er viktig at kulturutvalet med eigne auge får sjå kva forfatning ishavsskuta Aarvak no er i, meiner Grimstad, som sjølv er medlem i utvalet. Grimstad meiner noko må gjerast med Aarvak brennkvit, og det som må gjerast er å få den 95 år gamle ishavsskuta i tre under tak. Dugnadsfolket har gjort ein stor innsats i mange år, men no er det eit kappløp med tida. Ferskvatnet i dokka gjer at ho rotnar ekstra fort opp. Dersom vi i framtida skal ha ei identisk ishavsskute i tre å vise fram, må det handling til no, meiner Grimstad. Målet hans er at når Kulturutvalet får sjå kor elendig tilstanden er for Aarvak, vil dei løyve pengar til overbygget. Ny anbodsrunde Styreleiar Ottar Håkonsholm i Ishavsmuseet opplyser at planen var å starte bygginga av vernebygget i august/september i fjor, men dette vart utsett fordi bygget vart dyrare enn først rekna med. Årsaka er dyrt materialval og heit entreprenørmarknad. Arkitekten hadde kostnadsrekna bygget til 5,7 millionar kroner, men etter første anbodsrunde var prisen komen opp i nærare 10 millionar kroner. Styret hadde derfor i fjor haust ein ny finansieringsrunde. Vi har gått ut til både private og offentlege aktørar, og mange av dei har løyvd meir pengar enn dei først var tenkt, fortel Håkonsholm. No manglar styret berre knappe millionen på vernebygget. Men i tillegg trengst det kapital til å setje den rotnande skuta i stand. Vi må ha oppstart på vernebygget i år, men slik tidene er no er det heilt klart eit problem å få fatt i entreprenørar også, legg han til. Godt år for Ishavsmuseet Også museumsstyrar Webjørn Landmark meiner det er viktig at Aarvak no får vernebygg. Landmark ser på ishavsskuta som sjølve berebjelken ved Ishavsmuseet Aarvak. Det var denne skuta museet starta med. Det ville vere kjekt å få Kulturutvalet i fylket på besøk, kommenterer styraren. Han opplyser at Ishavsmuseet Aarvak i fjor samla sett hadde sitt beste år nokon sinne. Vel 5000 besøkjande er ikkje rekord, men likevel eit godt resultat. Men på registreringssida vart det gjort eit stort arbeid i fjor, og museet fekk mange nye gjenstandar. Vi innleia samarbeid med cruiseselskap og Matfestivalen i fjor, og det er eit arbeid vi vil sjå endå meir att av i år, opplyser Landmark. Men han er samd i at det no verkeleg hastar med å få vernebygg rundt Aarvak. Sjølv om arbeidet no skal ut på ein ny anbodsrunde er det ikkje snakk om å gjere store arkitektoniske endringar på bygget som alt er valt. Det er val av materiale som kan bli endra på.

Slik skal vernebygget til Aarvak sjå ut. I utgangspunktet var det kostnadsrekna til 5,7 millionar kroner, men prisen er no komen opp i nærare 10 millionar kroner. Styret har no hatt ein ny finansieringsrunde og