Tysdag 7. august hadde Vikebladet Vestposten oppslag om Ansgar Birkhol som var frustrert over det vitlause krabbefisket han såg frå vaksne krabbefiskarar. Rovfisket tømmer fjorden for krabbe. Birkhol fekk i ei seinare avis motsegn frå ein mann som meinte det ikkje var noko problem. Eiksundmannen fekk mykje krabbe. Eiksundmannen har rett. Det har alltid vore mykje vasskrabbe i Eiksund, svarer Birkhol. Men det var ikkje vasskrabben i Eiksund Birkhol synte til i oppslaget, men den fine krabbestanden som var i Dragsund, Hestholmen og Håheimområdet.For han blir oppfiska av rovfiskarar. Birkhol har ei klar oppmoding til mannen frå Eiksund. Han kan ta med seg teinene sine og setje dei i nemnde område og prøve sjølv.

Ekstra dyr krabbe

Ansgar Birkhol fortel at det er ålment kjend at krabbefiskarane før, for 40-50 år sidan, fekk ekstra godt betalt av Voldnes i Fosnavågen for å fiske krabbe rundt Dragsund fordi han var av så fin og stor kvalitet. Slik krabbe har aldri funnest i Eiksund etter det Birkhol kjenner til. Det er denne krabbestanden eg er uroa for. Ikkje vasskrabben i Eiksund og fjordane rundt. Han finst det nok av, avsluttar krabbefiskaren.

Ansgar Birkhol uroar seg for den fine krabbestanden som var i Dragsund, Hestholmen og Håheimområdet. Ikkje vasskrabben i Eiksund.