Men kva HNM (hovudutval for næring- og miljø) vil gå inn for torsdag, er sjølvsagt eit ope spørsmål. Grunneigar Vidar Teigene har hyrt inn sivilarkitekt Kenneth Bjerkvik i arkitektfirmaet dfy (Design 4 you) til å utarbeide den private reguleringsplanen. Men administrasjonen for byggesaker i Hareid kommune konkluderer med at den planlagde utbygginga i utgangspunktet er i strid med gjeldande arealbruk, og at omfanget på den planlagde utbygginga neppe kan vere i samsvar med vedtaket som for ei tid sidan vart gjort i kommunestyret. Der står det at kommunen skal "vurdere innpass av bustadtomter" på eigedomen. Bustadområdet slik det er fremja vil kile seg inn i eit område med aktivt landbruk på båe sider. Ei slik lokalisering er i utgangspunktet ikkje ideell for nokon av partane, meiner administrasjonen. Dei synest heller ikkje at planforslaget har tatt nok omsyn til omgjevnadene og terrengforhold, og peikar spesielt på vegtilkomst og stigningsforhold til dei øvste tomtene. Etter administrasjonens meining er det heller ikkje teke tilstrekkeleg miljømessig omsyn ved plassering av området for leik, og spesialområdet for å ivareta kulturminne i området er også for snevert, meiner administrasjonen.

Vern av løe - og vasshjul som er borte

Den private reguleringsplanen har vore ute til høyring, og det har kome inn ein god del merknader. Møre og Romsdal fylke legg blant anna vekt på at det er viktig å ta vare på løa på Teigane, og fylket ønskjer å utvide vernet til også å omfatte deler av bekken og restane etter vasshjulet som dreiv treskemaskinen. Fylket oppmodar elles til å vare å steingjerdet, geil i grense mot naboeigedomen og ruinen etter ein sommarfjøs. I kommentaren til merknadene frå fylket skriv arkitekt Bjerkvik at dei i planutkastet har regulert inn løa som landbruksareal og område for vern av bygning og anlegg med tanke på at ho skal restaurerast og inngå som ein el av tunet. Men å utvide området vern til også å omfatte delar av den usamanhengande bekken og restane av vasshjulet, vil leggje beslag på store deler av det nedre arealet og gjere det vanskelegare å få til ei vegløysing oppover. Ei slik utviding er meiningslaus fordi det ikkje eksisterer restar etter noko vasshjul. Ein attlevande slektning, Steinar Teigene, som er oppvaksen på "gamle Teigane", kan fortelje at det ikkje har vore noko vasshjul som har drive treskemaskinen på garden. Kanalen, som deler av sommarhalvåret er tørrlagd, har alt for lita vassføring. Steingjerdet og geila i tomtegrensa vil ikkje blir råka av utbygginga, skriv Kenneth Bjerkvik. Han hevdar også at ruinane av det fylket kallar "sommarfjøs" aldri vart ferdigstilt, og har dermed aldri hatt funksjon som sommarfjøs.