Derfor må dei no sette opp to mindre brakkebyar i bygda, ved verftsområdet og Myklebustmyrane. Meir enn 150 brakker vert det til saman og arbeidsfolka vil syne godt att i lokalmiljøet. Dei fyrste vil flytte inn i løpet av tre- fire veker. Det skal også byggjast tak mellom brakkene, og i dette oppvarma arealet skal arbeidarane nytte til ulike aktivitetar på fritida, skriv Vestlandsnytt.