Byggenemnda hadde før kommunestyremøtet onsdag fem medlemer. Etter møtet var nemnda utvida til sju representantar, men berre fire av dei har stemmerett. Det låg føre eit forslag frå formannskapet om å supplere nemnda med leiaren i hovudutvalet for oppvekst og kultur. I tillegg foreslo rådmannen at også områdeleiaren for kommunale bygningar burde delta som konsultativ medlem sidan han sit med ein del kunnskap om kva som er viktig med omsyn til vedlikehaldet. Peny Ann Nilsen (FrP) sa seg skeptisk til at nemnda nesten vart dobla. Ho frykta det då vart eit litt stort og tungvint forum. Anders Riise (TvP) var inne på litt av det same og ville halde på den faste politisk valde kjernen i nemnda. Andre kunne gjerne ha møterett, men stemmerett måtte vere forbehalde dei fire politiske representantane. Kjersti Røyset Topphol (KrF) syntest Riise sitt forslag var forsåvidt greitt. Hovudutvalsleiaren for oppvekst og kultur hadde først og fremst behov for å vere orientert. Ordførar Willy Nesset: - Dette betyr at heller ikkje rektor Vikebakk skal ha stemmerett. Riise: - Ja, eg meiner at administrasjonen ikkje skal ha stemmerett i eit politisk valt utval. Både Linda Haddal Røssevoll (H) og Kåre Grimstad (V) signaliserte støtte til Riise. Grimstad, som sit i nemnda, sa at han hadde forstått at Vikebakk sat der som støttespelar og at han ikkje hadde hatt stemmerett. - Vikebakk har vore med på møta og stemt, konstaterte Nesset då. Dermed vart nemnda utvida med dei nemnde personane, men berre fire har stemmerett. Dei er Kåre Grimstad, Perny Ann Nilsen, ordføraren og varaordføraren.