Laksen gir gode pengar for den norske eksportnæringa (Illustrasjonsfoto) Foto: ulia Manzerova/Flickr Creative Commons

I september eksporterte Noreg sjømat for 5,7 milliardar kroner. Det er ein auke på 1,8 milliard kroner eller 46 prosent samanlikna med september i fjor, ifølgje Eksportutvalet for fisk (EFF).

Hittil i år har den samla eksportverdien av norsk sjømat nådd 37,3 milliardar kroner. Det er 6,5 milliardar kroner meir enn i fjor og utgjer ein vekst på 21 prosent.

EFFs direktør for marknadsinformasjon, Egil Ove Sundheim, forklarar auken i september med store fangstar av makrell og stor etterspørsel etter norsk makrell i Japan. Dessutan er det stor etterspørsel etter norsk laks i sentrale marknader som Frankrike, Russland og USA.

Det vart sendt laks til ein verdi av 2,9 milliardar kroner ut av landet i september. Hittil i år er eksportverdien av norsk laks på 21,9 milliardar kroner, 5,1 milliardar kroner meir enn i fjor.

EFF registrerer også auke i eksportverdien av makrell med 306 prosent i september i forhold til same månad i fjor. Eksportverdien av sild har gått opp med 10 prosent. Eksportverdien av klippfisk av torsk har auka med 20 prosent og klippfisk av sei med 4 prosent.

Eksportverdien av aure vart derimot redusert frå september i fjor til september i år. (©NPK)