Anna Nikoline Baade Yksnøy vart siste konfirmant ut for sokneprest Atle Hopland. Her ser vi Hopland og kateket Bjørn Losvik under forbøna for Anna Nikoline i konfirmasjonsgudsteneste nr. 4 i Ulstein kyrkje denne helga (2. mai). Foto: Leiv Arne Grimstad

Etter 28 år i sokneprestembetet får Hopland avskjed i nåde 1. februar 2011. Han vil nok ha litt å gjere med komande konfirmantkull også, men fleire konfirmasjonsgudstenester blir det ikkje.

- Sjølv om det berre står på godt og vel ein time kvar gong, så tek det på å skulle halde fire slike gudstenester på to dagar, fortalde Hopland etterpå. Han la til at han hadde nytta det same manuskriptet kvar gong, med små variasjonar.

Preika var bygd over tekstar av Johannes, der kjærleiken blir summert som ei samanbinding av bodet om å elske nesten sin som seg sjølv og bodet om å elske Gud over alle ting.

Ulstein hadde i år 102 konfirmantar. Dei fire konfirmantgudstenestene samla nær oppunder to tusen deltakarar tilsaman.

Meir om 2010-konfirmasjonen i tysdagsavisa.

Komande helg er det Hareid sin tur – med tre konfirmansjonsgudstenester – to laurdag og ei søndag.