Ocean Intervention III vart tilkalla då riggen Deepwater Horizon eksploderte i Mexico-golfen for to veker sidan. Foto: Anne Gry Eilertsen

Skipet vart levert frå Kleven Maritime i 2005 og arbeider til vanleg med undervasskonstruksjonsarbeid for eit amerikansk firma. Dagleg leiar Håvard Ulstein i Island Offshore opplyser at båten vart tilkalla då riggen eksploderte for nesten to veker sidan. Ocean Intervention III var først med på redningsarbeidet, men etter at riggen gjekk ned har dei arbeidd med å prøve å tette lekkasjane frå stigerøret. Der er to store ubemanna arbeidsubåtar om bord, og begge er nede på botnen og følgjer med på utviklinga. Dei har mellom anna vore nede med ei sag for å kappe reint stigerøret. Over dette røret skal det seinare i denne veka leggjast ei klokke for å samle opp oljen somlek ut. Oljen skal deretter pumpast opp til eit produksjonsskip som skal prosessere han og sende han vidare på tankskip. I tillegg skal det kome ein flyterigg som skal bore avlastningshol. Håvard Ulstein opplyser at det er uklart kor lenge denne operasjonen kjem til å halde på.