Polarstar skal til Hjørungavåg, men når skjer det? (Arkivfoto) Foto: Anne Gry Eilertsen

Vestlandsnytt skriv i dag tysdag at Polarstar fekk løyve til å ligge ved kai over sist vinter. Når ein no er godt i gang med ein ny vinter, utan at noko har skjedd med båten, har oppsitjarane begynt å heve røystene sine.

Reidar Remøy beklagar at Polarstar ligg og okkuperer den einaste offentlege kaia på øya - ei kai som kan vere god å legge til for tilreisande båtar som treng kaiplass til å ligge ved og til å stelle garna sine på.

- På Remøya har vi ei god hamn og ei god kai til slike føremål, men her slepp ingen til lenger, seier Remøy, som ikkje har sett eit menneske om bord på Polarstar den tida båten har lege på Remøya.

Willy Nesset, som representerer eigarstiftinga bak Polarstar, kommenterer at båten vil bli flytta til Hjørungavåg snarast råd. Men det manglar nokre papir frå Skipskontrollen før båten kan gå frå kai. Skipperen som skal føre skuta har også vore på eit langt utanlandsopphald. Nesset fortel at det var meininga å få utført vedlikehaldsarbeid på Polarstar i samarbeid med Herøy vidaregåande skule, men det vart det ikkje noko av.

Avdelingsleiar Jon Rune Våge i Herøy kommune seier til Vestlandsnytt at dei forventar at Polarstar forlet kaia på Remøya innan midten av januar.